tirsdag, juni 13, 2006

STORHETEN I DET LITLE

STORHETEN I DET LITLE

Elisabeth Grindheim Brodalen

Nåken fortalde oss at me måtte drøyma
Så store draumar at Gud fekk plass i dei
Så eg drøymte store draumar
Og Gud som er stor var i draumen

Nåken fortalde oss at me måtte tale
Så store ord at Gud fekk plass i dei
Og Gud var alltid større enn orda mine

Nåken fortalde oss at me måtte gjera
Så store gjerningar i Guds Navn
At alle forstod at det var Gud
Som stod bak dei
Så eg gjorde store gjerningar
Og Gud, som svarer bønn, når me
ber etter Hans vilje,
svarte mine bønner også.

Men no har eg drøymt i mange år
Eg har snakka i mange år
Og eg har gjort i mange år

Så her ein dag såg eg noko:
Det var ved juletid desse tankane kom

Eg tenkte på jula
Og på det flotte budskapet jula bringer
Eg tenkte på kor liten Gud faktisk har vore
Hadde me gløymt denne andre delen av sanninga
Me som skulle drøyma så stort
Snakka så stort
Og gjera så stort
Dette var ikkje gale
Men det var ei side til som me hadde gløymt:
Storheten i det litle!

På micronivå finn me dei sterkaste kreftene

Klart Gud får plass i våre små draumar
Klart han hjelper oss med små og store problem
Han gir oss både små og store velsignelsar
Han skaper både mauren og elefanten
Ingenting er for stort for han
Ingenting er for lite for Han


Share/Save/Bookmark

0 kommentarer: